Prosjektet Ecoforest skal samanlikne klimaeffekten av å ulike måtar å hogge skog på. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Prosjektet Ecoforest skal samanlikne klimaeffekten av å ulike måtar å hogge skog på.

Gamle hogstflater under lupa

NPK: No skal det forskast på skogområde med ulik hogsthistorie. Skogar som er blitt hogde med ulike metodar, skal samanliknast for å finne ut langtidseffekt av flatehogst.

— Etter ein flatehogst skjer det veldig mykje. Då blir det sleppt ut mykje CO₂ i ein periode før skogen byrjar å byggje seg opp igjen, seier skogforskar Line Nybakken ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet på Ås til NRK.

Påstanden byggjer på at trea, som fangar CO₂, blir heilt borte og skogbotnen får hard medfart av tunge skogsmaskiner.

Kor store utsleppa er etter ein snauhogst, og om dei kan reknast som klimafarlege, er det usikkerheit om.

— Eg trur ikkje det er semje i forskinga om at vi får store utslepp av karbon ved flatehogst, seier skogsjef i skogeigarorganisasjonen Norskog, Even Bergseng, til kanalen.

Aktørar i skognæringa og miljøorganisasjonane er ikkje samde om kva som er rett skogbruk med tanke på utslepp, biomangfald og hogstformer.

— Viss det er riktig at flatehogsten fører til store karbonutslepp frå jord, så burde ein slutte med flatehogst, legg Bergseng til.

Line Nybakken på NMBU skal gjennom prosjektet Ecoforest prøve å få fakta på bordet.

— Vi skal ta for oss par skogar i same område, der ein har blitt flatehogd for rundt 70 år sidan og ein annan som aldri har blitt flatehogd. Så skal vi måle karbonlageret i jorda, opptak og utslepp av karbon, og sjå på kva det biologiske mangfaldet har å seie for karbonlagringsevna.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS