Ingeborg Johansen med prototypen på taket av Oasen Storsenter i fjor.
Arkivfoto: Privat
Næringsliv
Full fart i kråkesatsing
Ingeborg Johansen (34) frå Etne si gründerverksemd DeBoss AS har vore i stor utvikling det siste år. Eit pilotprosjekt på Oasen Storsenter på Karmøy gjer stadig fleire nysgjerrige på korleis ho skal få kråker til å rydde boss.
Etnebuen Ingeborg Johansen starta selskapet DeBoss i 2022 etter å ha fått tilsendt ein liten filmsnutt på Instagram om ei skjor som plukka boss. Kort tid etter stiftinga fortalde ho til Grannar at prosjektet går ut på å lære ville kråkefuglar i områda dei lever i til å plukke boss frå gater og grøfter basert på positiv læring.
Frå oppstarten i 2022:
I 2023 fekk satsinga til Johansen vind i segla. På eit kurs av selskapet Validé gjekk ideen hennar heilt til topps og ho fekk støtte på 100.000 kroner, mot at Valide fekk ein liten eigarporst. Haugesunds Avis var først til omtale tildelinga. Senterleiar Dag Einar Solberg på Oasen Storsenter fortalde til retailmagasinet at han tok kontakt med Johansen med ein gong han las artikkelen og spurte om ho trengte ein stad å gjennomføre eit pilotprosjekt. I oktober blei ein prototype av ein stasjon der kråker legg boss i ei søppelbøtte og blir lønna med peanøtter plassert på taket på senteret. Protypen er bygd heime i garasjen til Johansen. Den er nå under utvikling hos Informasjonkontroll AS på Karmøy.