Det er stort engasjement rundt framtida for skulen og barnehagen på Bjoa, og kvoten på 50 deltakarar var brukt opp før fristen for påmelding til folkemøta gjekk ut før helga. Leiar Bente Skålnes Sandsgård i FAU meiner Vindafjord kommune må utsetje saka dersom covid-19 skapar problem med tidsfristar. Her saman med Lene Hetland etter eit bygdemøte i juni i fjor då Norconsult sin rapport var lagt fram.
Arkivfoto: Øystein Silde Frønsdal
Fryktar tidspress
Folkemøta om framtida for skular og barnehagar i Vindafjord skulle starte i dag, men er utsette på grunn av smittereglar. FAU-leiar Bente Skålnes Sandsgård på Bjoa skule fryktar det blir hastverk på grunn av korona.
Med dagens smittevernreglar er det umogleg å gjennomføre fysiske folkemøte med inntil 50 deltakarar som Vindafjord kommune la opp til gjennom påmelding. I dag kjem det oppdaterte nasjonale smittevernreglar frå regjeringa, men det er ikkje venta at det blir særleg justering av kor mange som kan delta i ei offentleg forsamling. I dag er den på 10 personar.
Det første møtet var planlagt på Bjoa bygdehus i dag, og deretter møte i dei åtte andre skulekrinsane deretter med det siste i Ølen kulturhus den 28. januar.
Men slik blir det ikkje.