— Me er veldig glade for at det skein opp nå på morgonkvisten. Då kjem det alltid meir folk, seier arrangør Magne Christiansen til Grannar.
Og mykje folk var det. Det var inga innbetaling, og dermed vanskeleg å talfeste oppslutninga, men det krydde definitivt av folk i Ølen sentrum utover laurdagen. Dei skodelystne kunne sjå på eit veritabelt utval veteranbilar, tryllekunstar, barneløp, vaksenløp, mannekeng-oppvisning og mykje meir. Lokalpolitikarar var å finne på stand, naturleg nok i desse dagar, og mykje rart kunne kjøpast frå andre boder oppover Sjoargata.
Litt enklare løp