Promillegrensa i båt er fire gonger høgare enn på vegane. Det meiner fleirtalet er for høgt.
Foto: Frende Forsikring.
Fleirtalet vil ha lågare promillegrense
– Når berre 3 av 10 vil halde på grensa ein har i dag er det tydeleg at folk er på kollisjonskurs med regelverket. Det er sjeldan vi ser at folk vil ha strengare reglar enn styresmaktene, slik som dette. Kanskje spesielt etter eit år der styresmaktene har lagt sterke restriksjonar på oss, seier fagsjef for båt i Frende Forsikring, Edmond Wold Gaulen.
Redningsselskapet vil ikkje ta stilling til kva promillegrensa bør vere, men har klare meiningar om alkohol og båtliv.