Ei ny undersøking viser at 70 prosent av befolkninga er for å innføre ei 15-årsgrense for sosiale medium.
Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK
Fleirtal for 15-årsgrense for sosiale medium
Ei ny undersøking viser at 70 prosent av befolkninga er for å innføre ei 15-årsgrense for sosiale medium.
På spørsmålet bør det vere 15-årsgrense for sosiale medium i Noreg», har 15 prosent svart nei, medan 14 prosent er usikre. Undersøkinga er utført av Sentio for Klassekampen. 1000 personar vart spurde mellom 18. og 24. april.
I dag er det ei aldersgrense på 13 år for å opprette ein profil i sosiale medium, men det er lett å omgå denne grensa. Nesten halvparten av norske 9-åringar bruker sosiale medium, ifølgje ei undersøking gjort av Medietilsynet.
Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) varsla i april at dei vil sjå på moglegheita for å setje og handheve aldersgrenser for sosiale medium for barn.