Ap-leiar Jonas Gahr Støre og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum er einige om at firarkravet i matematikk skal fjernast som opptakskrav for å komme inn på lærarutdanninga.
Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Fjernar omstridd krav til lærarutdanninga
NPK-NTB: Ap og Sp har vorte samde om å droppe kravet om at studentar må ha minst karakteren fire i matematikk for å komme inn på lærarutdanninga.
– I dag manglar éin av fem som underviser i norsk skule, lærarutdanning, og lærarmangelen aukar. Derfor er det for ei ny regjering veldig viktig å snu denne utviklinga, så alle elevar møter kvalifiserte lærarar som har tid til dei, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NRK.
Under regjeringsforhandlingane på Hurdalsjøen Hotell har Ap og Sp vorte samde om nokre hovudpunkt i ein ny skulepolitikk som no kjem inn i ei ny regjeringsplattform:
• Gjere om den såkalla avskiltinga» av lærarar utdanna før 2014. Utover dette blir kompetansekrava ståande.
• Rekruttere tilbake lærarar som har forlate yrket, ved å utvikle eit eige program for dette.
• Ny nasjonal rekrutteringskampanje til lærarutdanninga, særleg retta mot menn.
• Erstatte inntakskravet på fire i matematikk med mer treffsikre» opptakskrav til lærarutdanninga.
Også SV, som forlét sonderingane på Hurdalsjøen Hotell, har vore samd med Ap og Sp om å fjerne firarkravet. Dermed kan dei to partia som truleg dannar regjering, søkje fleirtal i Stortinget hos SV.