I fjor finansierte kommunar fastlegane med minst 1,2 milliardar kroner ekstra utover den ordinære fastlegeordninga, viser ny kartlegging.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Fastlegeordninga er blitt dyrare for kommunane
I fjor finansierte kommunar fastlegane med minst 1,2 milliardar kroner ekstra utover den ordinære fastlegeordninga, viser ny kartlegging. Noko av forklaringa er at stadig fleire kommunar subsidierer næringsdrivande legar.
– Kommunane ber ein stor del av byrda for å halde oppe fastlegeordninga, seier styreleiar i KS Gunn Marit Helgesen i ei pressemelding.
Kartlegginga viser at meir pengar ikkje er løysinga på problemet.
– No må vi ta ein kritisk gjennomgang av kva legar skal gjere, og kva anna personell trygt kan gjere. Svaret kan uansett ikkje halde fram med å vere at kommunane blir tvinga til å bruke pengar dei eigentleg ikkje har, seier Helgesen.