Unik lydskatt henta inn av Endre Heggen. Foto: Haugalandsmuseet
Unik lydskatt henta inn av Endre Heggen.

Ein poplær lydskatt etter Endre Heggen

Haugalandmuseet presenterer ein lokal lydskatt – intervju av eldre folk i Vindafjord og Etne.

Publisert Sist oppdatert

Opptaka blei samla inn av Endre Heggen – lokalhistorikar og sogelagsmann i Ølen i perioden 1980-2005. Av nær 500 opptak, har museet nå gleda av å gi tilgang til dei fem første – i nettløysinga Digitalt Museum. Her kan du, bokstaveleg talt, få historia heim i stova og høyre stemmar frå folk som blei fødd på 1890-talet!

Lytt til lydopptaka her

Mellom anna kan du høyra Amanda Andersen frå Vikedal fortelje om korleis livet arta seg tidleg på 1900-talet. Ho var fødd i 1896 og konfirmert i 1910. I opptaket fortel ho om forretninga og skomakarverkstaden som familien dreiv. I intervjuet med Brita Stangeland, fødd på Roa i Ølen i 1894, er gardslivet sentralt. Ho fortel mellom anna om stølsliv på Åkrastølen og turar gjennom Nautavassdalen og Småvatndalen. Alfred B. Tvedt, fødd i Ølen i 1895, deler livsminne frå arbeidet som verkstadsmeister. Han jobba med bilar eit heilt liv, og som ein kuriositet kan vi nemne at han i ung alder selde bil til sjølvaste kong Olav V.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS