Jorunn Halsnes har drive blomsterbutikk i 25 år, og driv i dag butikken Jorunn og Joanas blomsterverksted i Etne senter.Foto: Grethe Hopland Ravn
Jorunn Halsnes har drive blomsterbutikk i 25 år, og driv i dag butikken Jorunn og Joanas blomsterverksted i Etne senter.

Det kjekkaste er positive tilbakemeldingar

Etter 25 år som forhandlar av blomster kan Jorunn Halsens sjå tilbake på fleire milepålar. Mellom anna har ho pynta flott blomsterbord for kronprinsparet to gonger, og besøk av Blomster-Finn.

Publisert Sist oppdatert

Jorunn Halsnes må tenkja seg om når ho skal mimra tilbake på 25 år i bransjen, og konklusjonen på kva som har gledd ho mest gjennom åra, er dei positive tilbakemeldingane ho har fått frå kundane sine. Sjølvsagt var det også veldig stas å vinna klasse A i distriktmeisterskapen i Rogaland no i vår. Å frå bruka fantasien når ein lagar kreasjonar litt utanom det vanlege, er noko av det beste ho veit. Det er også variasjon frå år til år om kva som er in». I løpet av 25 år har det også vore utfordringar, og ei av dei største er daglegvarebutikkar som tar inn blomar for sal. Det kan setja kjeppar i hjula for små blomsterbutikkar, som den ho i dag driv saman med Joana Sævareid i Etne senter.

— Kva er di sterkaste side?

— Det må vera at uansett kor gale ting er, så prøver eg å finna noko positivt med det. Eg er også ein evig optimist, heilt til det motsette er bevist.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS