Desember gjennom linsa
Har du eit flott bilete du har lyst til å dela med lesarane i Grannar? Send det gjerne inn, så får fleire gleda av å sjå dei mange flotte motiva naturen kan by på.
Etter eit par dagar med nydeleg vintervêr, frost og strålande sol, er regnet tilbake igjen i Grannar sitt distrikt. Mange nytta dei flotte dagane til å gå på tur, noko ein ser i Gro Karin Velde frå Vats sine bilete. Det er også mange som ikkje bryr seg om regndropane, og nyttar romjula til å nyta naturen.
Har du bilete du har lyst til å dela med lesarane i lokalavisa? Då blir du oppmoda til å senda dei inn til Grannar på e-post: foto@grannar.no