Dei unge begeistra publikum
Unge og tilsynelatande uredde ungdommar entra scena med det eine musikk innslaget etter det andre i ulike sjangerar under Ungdommens kulturmønstring laurdag kveld.
Ei viss spenning er det å stå på ei scene med mange ukjente mennesker i salen. Kan hende er det mor og far og besteforeldre som sit og er mest spente, med ei forventning over kva deira unge og lovande skal framføre.
Alle kan vera litt kongelege av og til
Stødige og med ein snert av humor og skjemt vart scena for UKM i Etne og Vindafjord opna på Sjøperlo Kulturhus. Ungdommane som stilte opp som kveldens konfransierar hadde sjølv laga regien på korleis dei ville introdusere kveldens deltakerar på scena, forklarer Oliwia Tomaszewska frå Bjoa, som fylte 17 år denne UKM kvelden og Guro Pettersen (16) Ølen,
— Me har brukt ein del tid på å skrive teksten me har framført til kvart av innslaga på scena, seier Guro, medan Oliwia tilføyer at dei hadde intevjuva alle for å få litt fakta om kvart innslag og kva som er deira styrke med framføringa.
Først ut var Ellinoia band» som omtala seg sjølv som kaosband i introduksjonen. Det var lite som minna om kaos då dei seks bandmedlemmene entra scena med ein fin coverlåt av engelske Adele».
Kvelden baud på mange flotte prestasjonar frå unge talent, som også gav gåsehud faktor.