Alexx Alexxander
Byr på magi og illusjonar
Alexx Alexxander har i over to tiår skapt magi og undring blant publikum med sine tryllekunstar, og om ikkje lenge er han å finna på scenen på Skakke. Det blir starten på ein internasjonal turné.
I år markerer Alexx Alexxander 25 år som profesjonell illusjonist. Han starta firmaet sitt i 1999 og har sidan livnært seg av å opptre på ulike scenar, og søndag 1. september held han eit close-up show i kinosalen på Skakke. Her får publikum oppleva illusjonar og fingerferdigheit på nært hald. Showet er planlagt som ei intim framsyning der publikum kan koma tett på magien.
Hollywood