I løpet av det neste året vil ein aktivitetspark av dette slaget vera på plass ved Vats skule. Bildet viser eit liknande anlegg ved Undheim skule.Illustrasjon: Rampline
Byggjer anlegg for balanse og motorikk
Vats grendelag er blant søkjarane som nå har fått midlar frå Sparebank 1 SR-bank stiftelsen. Ein ny balanse- og motorikkpark skal blir eit tilbod til alle.
Banksjef Magne Christensen kunne i denne runden dela ut pengegåver til seks prosjekt i Vindafjord, og totalt 775.000 kroner inkludert fire tildelingar i Sauda og Suldal kommune fekk nye eigarar.
Størst gåve gjekk til Ølen idrettslag som skal skifta ut kunstgrasdekket på stadion. Også i Bjoa 4H er det jubel etter å ha fått midlar til nytt ungdomslokale.
Vats grendelag har planar om ein balanse- og motorikkpark. Prosjektet som er i samarbeid med FAU ved Vats skule, er tildelt 100.000 kroner.