Byggefeber i bygda
Ein større barnehage, ny symjehall- og bygdahus og nye leilegheiter begynner å ta form i Vats. Dagleg leiar Åshild Blikra i Nausthaugen barnehage er klar til å invitere alle barna i bygda til nye omgivnadar både inne og ute i 2025.
— Me gler oss veldig til alt er ferdig, seier dagleg leiar Åshild Blikra i Nausthaugen barnehage.
Lokala deira i Nedre Vats skal bli store nok til å huse barnehagebarna i både Øvre- og Nedre Vats, som førebels er delte mens eit stort byggeprosjekt i Nedre Vats går føre seg. Hatteland-gruppen eig lokala, og i høve ombygginga kjøper dei Nausthaugen barnehage frå Blikra, som har eigd den fram til nå. Ho held fram som dagleg leiar.
For tida merkast det at ein er på ein byggeplass når ein besøker barnehagen i Nedre Vats. Blikra seier at det stort sett har gått greitt å drive barnehage som vanleg ved sida av bygginga. Ho fortel at ungar synest det er kjekt å sjå gravemaskiner.