Illustrasjon landbruksveg.
ARKIVFOTO: ANITA HAUGLAND
Bygde veg utan godkjenning
Denne landbruksvegen i Øyno i Etne er bygd utan at kommunen har gitt godkjenning til trasé og byggemåte, og er dermed i strid med vilkåra Fylkesmannen sette då grunneigaren fekk løyve.
Haugesund Turistforening meiner grunneigar Inge Morten Tronstad ikkje har halde seg til vilkåra som Fylkesmannen i Hordaland la til grunn då det i 2018 vart gjeve klarsignal til bygging av landbruksveg frå Øyno og retning Blomstøl.
Politikarane positive
Det var i 2016 at Tronstad, som er ein av landets største aktørar innan sauehald, søkte kommunen om løyve til å få bygge ein 900 meter lang landbruksveg. Dette for å lette arbeidet knytt til sauehaldet, både for han sjølv og andre bønder som har sau på sommarbeite i det aktuelle fjellområdet.