Blandeverket i drift frå vårparten
Kværner vil etter nyttår for alvor starte arbeidet med å leggje til rette industriområdet på Dommersnes for ein bit av arbeidet med betongskrog til vindturbinar. Betongblandeverk i regi av Ølen Betong er det første som kjem på plass.
Planlegginga av arbeidet på Dommersnes i Vikebygd er i full gang, men det er først i det nye året det blir synleg at Kværner skal ha delar av jobben med betongskrog for Hywind Tampen på industriområdet.
Starten av fabrikasjonen vart markert på Stord i haust med prefabrikeringar fram mot oppstart for armering, støyp og glidestøyp på nyåret. Deretter blir betongskroga slept til Dommersnes litt nærmare sommaren.
Betongdelen på havturbinane er 78 meter, og dei første 20 metrane av understellet blir støypte i dokk på Stord, og resten på Dommersnes.