Ambulanse
Illustrasjonsfoto.

Barn døydde i ambulanse – tre har status som mistenkte

Tre personar har status som mistenkte etter at eit barn døydde i ein ambulanse på veg til sjukehus i januar.

Publisert Sist oppdatert
Frå tidlegare er det kjent at ein lege har status som mistenkt, men også to ambulansearbeidarar har same status, seier politiadvokat Øyvind Bore til NRK. Han understrekar at ingen personar er sikta i samband dødsfallet.

Barnet skal ha vorte behandla av ein lege ved ei legevakt på Vestlandet før det vart transportert til sjukehus. Barnet døydde på veg til sjukehuset.

Kanalen har ikkje opplyst kva sjukehus barnet var på veg til, eller kva kommune legen høyrer heime i.

Saka er oversend til Statsforvaltaren i Vestland for ei vurdering av om det er grunnlag for å gå vidare med etterforskinga. Statsforvaltaren har opna tilsyn etter dødsfallet.

Grannar har tidlegare skrive om saka, og at barnet var heimehøyrande i Grannar-distriktet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS