Illustrasjonsfoto
Av vegen i narkorus
Sjåføren meinte nokon måtte ha putta amfetamin i kaffien hans.
Ein mann i 60-åra er i Haugaland tingrett dømt til 18 dagar fengsel etter at han i september i fjor køyrde av E134 ved Håfoss i Etne. Då hadde han køyrd bilen ein betydeleg avstand frå heimstaden på nordsida av Hardangerfjorden.
Brukte narkotika
Det går fram av dommen at sjåføren i døgnet før ulykka brukte både amfetamin og hasj. Mannen har i si forklaring fortalt at han fekk i seg amfetamin i morgonkaffien, utan vit og vilje, noko retten ikkje trur han på. Men han får mildare straff enn det aktor kravde, fordi retten delte seg i spørsmålet om kor rusa han faktisk var då køyringa fann stad. Dommarfullmektig Anette Jacobsen Mokleiv utgjer mindretalet. Ho meiner det er bevist at domfelte måtte ha ein rus tilsvarande meir enn 0,5 i promille. Men fleirtalet, meddommarane, meinte på si side det berre var bevist at han hadde meir enn 0,2 i promille.