Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Elva i Vikedal under regnvêret hausten 2017.Arkivfoto: Irene Mæland HaraldsenElva i Vikedal brusa godt etter regnfallet i morgontimane.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Elva i Vikedal under ein regnvèrsperiode i 2017.

Årets våtaste dag

Publisert Sist oppdatert

Tysdag bøtta det ned både i Etne og Vindafjord. Ved målestasjonen i Etne og på Hundseid i Vindafjord viste målingane 54 mm nedbør. Det er rekord for året begge stader og litt over tidlegare målte nedbørstoppar. 15. august i år var det registrert 48 millimeter på Hundseid og 15 september viste Etne målestasjon 48 millimeter nedbør.

Målestasjonen i Vats enda på 31 millimeter nedbør i løpet av tysdagen, noko som var under toppmålinga 24. mai då nedbørsmengda enda på 49 millimeter.

Det bles godt i kasta denne tysdagen og natt til onsdag, og ved målestasjonen i Etne var det registrert vind på 10,5 m/s klokka 01.00 natt til onsdag og 9,5 m/s klokka 16.00 tysdag.

Powered by Labrador CMS