Andre bollar i barnehagen
Konseptet Fiskesprell» er det nasjonale kosthaldsprogrammet som skal få barn og unge til å eta meir sjømat. Denne veka fekk tilsette i Vindafjord-barnehagar læra om matlaging med fisk på menyen.
Ein kan rett og slett lukta seg fram til skulekjøkenet på Karmsund vgs i Haugesund, som for høvet er utlånt til barnehagetilsette i Vindafjord kommune. Dufta av fersk middag set seg i nasebora og det blir ei utfordring å berre sjå, og ikkje røra, eller smaka for den del.
Dei lekraste rettar er på veg opp i forskjellige serveringsfat, og side om side ligg laksewraps, fiskekaker, tacolaks, torskegryte, fiskeburgarar, fiskesuppe, fiskepinnar og laksesalat, som gjerne er miksa med reker, brødkrummar, cornflakes, ris, pasta, grøn salat og brød. Det er til å få vatn i munnen av, og det beste av alt er at desse rettane er enkle å laga i ein travel barnehagekvardag.
— Dette har vore eit svært nyttig kurs, der me har fått både teoretisk informasjon i tillegg til at me har fått prøva oss i praksis. Det har eg lært mykje av, og det var ei aha-oppleving at det var så enkelt å få til, seier Gerd Marit Rugtveit frå Vats barnehage.