Steinar Aalvik
På tampen:
AMERIKA, AMERIKA.
Så
har me endeleg lagt bak oss denne 200-årsmarkeringa av utvandringa til Amerika.
Sjølv har eg aldri hatt nokon onkel i Amerika, ikkje tante heller, for den del,
men han far hadde. Han heitte Sverre. Noka større glede av denne onkelen fekk
han ikkje, for Sverre ramla ned med ein stilas og braut foten. Han døydde på
eit sjukehus i Chicago, året før han far vart fødd.
Eg
har ei oldemor. Ho ligg gravlag der inne på den nyaste kyrkjegarden til Gjerde
sokn, i lag med eine dottera si. Ho hadde fem systrer, og ein bror. Eine
systera var trulova med ein frå Rykkje. Han drog til Amerika for å sjå om det
var levelege vilkår der, det fann han ut at det var. Han sende brev heim om at
no kunne ho koma etter, men då hadde ho fått såkalla «kalde føter». Då sende
dei berre ei anna syster i staden. Seinare drog dei andre og til Amerika,
bortsett frå dei to som emigrerte til Etne. Broren reiste ikkje lenger enn frå
Fykse til Laupsa.
Ho
mor hadde både onkel og tante i Amerika. Onkelen heitte Olav. Han var
odelsguten som strauk til USA så fort høvet baud seg, og let ikkje høyra frå
seg seinare. Dei hadde etter det eg har høyrt eit svare strev med å spora han
opp, for å få han til å skriva frå seg odelen. Tanta heitte Brita, ho var gift
med Kristian. Dei utvandra i 1912. Dei hadde sikta seg inn på å fylgja Titanic,
men noko la seg på tverke, så dei fekk ikkje vera med denne farkosten som ikkje
kunne søkkja, på skipet sin jomfrutur. Men dei kom seg over dammen ved eit
seinare høve, og busette seg i Ossian i Iowa. Ho Brita kalla seg der for
Bertha, og sydde hardangersaum med pastellfarga tråd, noko ho fekk heider for,
der omkring. Kvar februar sende ho brev heim til vetlasyster si på Neteland, med
ein dollar i. Det heldt ho på med så lenge ho levde. Dei fekk omsider tre
søner, og to døtrer. Døtrene var her til lands, og såg seg om i 1974. Moste
henta dei på Flesland flyplass. Ho hadde ny Citroen, og likte å køyra bil.
Desse søskenborna sat i baksete og var helst tagale, men då dei møtte ein
trailer i ein tunellopning der på skuggastranda ein stad, kom det frå baksete
på gamalt kvammamaol «No va Gud med oss»
sa ho eine. «Han ha vå me oss to gonger no», svara den andre.