Her viser Alexander Haraldsen bilen og helgas to titlar i Oslo.
Foto: Privat
Alexander frå Etne vann to prisar med sin sjeldne BMW
Alexander Haraldsen (34) frå Etne vann i helga to høgthengjande premiar under Oslo Motor Show med sin BMW Alpina C1 2,5 frå 1987.
Alexander Haraldsen vann juryprisen for klassisk bil, samt beste motorrom. Det er ein handfull bilar som får pris av juryen, medan han var åleine om å få motorrom-prisen.
Det var i løpet av helga over 50.000 besøkjande innom arrangementet, og over tusen utstilte bilar. Rett nok var ikkje alle av desse av klassiske årgangar, men han konkurrerte mot dei beste innan restaurering av bil.
Sjeldan