Steinar Aalvik
Steinar Aalvik

På tampen

Å gjere seg opp ei meining

Etter å ha kome seg til skils år og alder, og vel så det, hadde vel vore på plass å gjera seg opp ei meining om eit og anna. Ei av desse Neslene» til Tor Jonsson er forma som eit brev til eit bondehjarta. Her skriv han at når bonden vaknar, så vaknar han til reaksjon. Det er kanskje difor eg kjenner meg mest heime på nei-sida, i alt som er av meir eller mindre aktuelle saker. Såleis kunne det vel høva å blanda seg bort i det som har med vindkraft å gjera, både på land og hav. Men den slags for me tru at Don Quijote og dei tek seg av.

Å slost mot ferjefrie riksvegar, trur eg måtte vera ei sak for meg. Eg har alltid tykt vel om ferjereiser. Eg minnest visse søndagar i barndomen, då eg fekk ha han far for meg sjølv. Han tok meg med i Prinz-en til Skånevik. Me tok ferja over til Utåker. Me gjekk og dreiv på soldekket. Ferja heitte Melderskin, ho var innom Matre, same namnet som butikken på Sørstrondo. Pappen lyfta meg opp, og eg kjende vinden i fjeset.

Ferjene måtte og til for at det skulle verta sommar. Sommarferjene gjekk mellom Kinsarvik, Utne og Kvandal. Me stod på soldekket på Hardingen. Sommaren var over for vår del. Me såg ut over Kvandal ferjekai. Heile kaien var full av bilar, og køen stod langt bortover riksveg 7. Uff, sa Mammo, og sukka tungt. Sjølv lengta ho støtt til støling og løypestrengar med høybør på. Mi eiga fer ut den store verda, var og ei ferjereise. Eg køyrde Honda CB 100 til Utbjoa, og tok ferja Stord til Leirvik. Av ein eller annan grunn var det Leo Sayer og When I Need You», som song i mitt sinn.

Ein gong tidleg på nittitalet var me til Lygrepollen på fiskje. Rein matauk. For at det skulle verta meira tur, la me heimvegen over Tysnesøya. Då me kunne sjå ned til Flatåker, såg eg at ferja la frå kai. Det var over to timar til ho kom att. Det hadde vel vore på sin plass og sagt noko stygt, men morbroren kom meg i forkjøpet med ein for han typisk kommentar. Ja-ja, det er no det same kor me er». Så for me der og sveiv på Flatåker ferjekai, og såg på alt som staden hadde å by på. Smått om senn kom der fleire bilar. Netlanden kom i prat med ein turist som han underviste i korleis vaierane til hengjebruer vart produserte i Tyskland, og korleis vaierane vart festa i fjellet her til lands. Turisten vart såleis mykje kunnskap til del, som han truleg har hatt mykje glede av seinare.

Brått var ventetida over, ferja kom, og me køyrde om bord. Me sat jamsides og tagale i Ascona-en. Radioen stod lågt på. Det var sommar og agurktid. NRK sende eit koseprogram, der ein kjendis spelte musikk, og jabba om sitt imellom. Denne dagen var det forsvarsminister Jørgen Kosmo som stod for kjendisstatusen. Kva historie han innleia med, har eg gløymt, men han spelte ein instrumental jazzlåt som eg likte så godt. Kven som spelte, og kva låten heitte, fekk eg ikkje med meg, men det var ein klarinett som var solist. Denne låten har eg ikkje høyrt seinare, men eg har no gått omkring og lunka på han i ledige stunder. Det har ikkje vore så lett å leita han fram heller, då eg mangla både tittel og artist. Så var det nett her ein dag, eg sat på kjøkenet og høyrde på P1 pluss, brått spelte dei låten min». Det dreia seg altså om melodien Stranger On The Shore», komponert og framført av Acker Bilk. Eg fann melodien på YouTube, og la han til blant dei som eg likar. Så no er situasjonen under kontroll. Endeleg!

Steinar Aalvik

Powered by Labrador CMS