Politiet hanka inn nesten 1000 fartssyndarar første helga i påskeferien. Dei fleste fekk bot, men nokon mista òg lappen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
871 fartsbøter i palmehelga
Utrykkingspolitiet stod klar med laseren over heile landet i palmehelga, og kontrollane var varsla. Likevel skreiv dei 871 fartsbøter og tok 78 førarkort.
Det vart skrive ut 79 fleire fartsbøter i palmehelga i år enn i fjor, skriv P4.
Til saman vart det skrive ut 871 fartsbøter. 78 sjåførar mista førarkortet og blir melde.