84 prosent av mjølkebøndene står framfor store investeringar
Lars Henry Dagsland i Skjold tok i bruk det nye, moderne lausdriftsfjøset for ein månad sidan. No vil Fylkesmannen i Rogaland finne ut kvifor ikkje fleire i Vindafjord gjer det same.
Frykta er eit nytt fall i talet på mjølkebønder. Det skjedde noko med mjølkebruka i Vindafjord frå rundt 2006 og ein del år etterpå. Talet på mjølkebruk fall som ein stein og grunnmuren i jordbruket, endra seg drastisk. Halvert på under ti år.
Prosjektleiar Margit Reiersen i landbruksavdelinga hos Fylkesmannen er bekymra over at såpass få er i gang med å planleggje overgangen til meir moderne fjøs, som først slår inn med krav i 2024 og deretter i 2034.
I alt 84 prosent av aktive mjølkebruk i Vindafjord har båsfjøs, og dei står framfor ei investering på sikt med over ei handfull millionar kroner kvar. Det usikre er kor mange som vil brette opp ermane og fornye fjøset. Prosjektet er retta inn mot Suldal og Vindafjord som har uvanleg mange som ikkje er i gang med å snu om til nytt fjøs og nye krav.