84 har fått innvilga sluttpakke i NRK
141 personar har søkt om sluttpakke i NRK, og 84 av dei har fått innvilga søknaden og sluttar. 15 søknader er framleis til behandling.
Det stadfestar organisasjonsdirektør Olav Hypher til Kampanje.
NRK må kutte 200 millionar kroner i 2025.
Annonse
– NRK har også innført tilsetjingsstopp, og vi lèt vere å erstatte medarbeidarar som sluttar eller pensjonerer seg, seier Hypher.
Klubbleiar for NJ i NRK, Anne Berit Larsen, er glad for at dei unngår ei styrt nedbemanning.
– Vi er svært glade for å ha komme i mål med frivilligheit, sjølv om det er ein litt vemodig dag med blanda kjensler, seier ho.
(NPK)