I november mista fire personar mista livet, tre færre enn i same månad i fjor. Noreg har heller aldri før hatt så låge dødstal i novembertrafikken, viser tal frå Trygg Trafikk og Statens vegvesen.
Dei døde i november i år var tre bilførarar og ein motorsyklist.
For 10 år sidan døydde tre gonger så mange på vegane. 13 personar omkom i november 2011. Totalt det året omkom 169 personar, om lag dobbelt så mange som prognosen for 2021.
— Årsaka til nedgangen veit vi ikkje noko om, men vi veit at det dessverre framleis er for mange menneskeliv som går tapt i trafikken, seier seniorrådgivar Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk.
Nedgang i tre fylke
Fylka med nedgang så langt i år er Vestfold og Telemark, Oslo og Nordland. I Vestfold og Telemark har fem personar omkomme i trafikken hittil i år, medan det i fjor på same tidspunkt var tolv.
I Nordland er tilsvarande tal tre i år mot åtte i fjor, og i Oslo har éin person omkomme i år mot fem i fjor.
I Viken har 21 personar mista livet i trafikken så langt i år, to fleire enn til same tid i fjor.
Vestland har ti trafikkdrepne så langt i år, mot seks i 2020, medan seks har mista livet i Rogaland, éin meir enn i fjor.
Merksemd
Guro Ranes i Statens vegvesen slår eit slag for merksemd i trafikken når vi no går inn i ein travel førjulstid.
— Det har vore mykje snakk om bruk av mobiltelefon medan ein køyrer den siste tida. Men det er berre ein av alle dei små merksemdstjuvane som tek merksemda vår i trafikken. Vi dagdrøymer, et, byter radiokanal, sminkar oss og les kart, seier ho.