Geir Arne Eikemo fortøyer båten sin ved den kommunale kaia på Eikemo. Det går greit ein solskinnsdag. Men når austavinden slår inn over fjorden ligg båten utrygt
Eikemo. Arkivfoto.

Debatt

Trygg kommunal kai ved Eikemoland

Ope brev til kommunestyret i Etne kommune

Eg hadde trudd at eg ikkje skulle skriva meir om Eikemo i avisa. Då eg las kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett – Ikkje ei krone til rehabilitering av kai ved Eikemoland» – måtte eg ta pennen fatt igjen.

Eg vonar de ansvarlege politikarar gjer om på budsjettet og løyver dei kronene som skal til for å rusta opp den kommunale kaien ved Eikemoland. Det er de som har ansvaret for liv og helse.

Kaien er bygd av folket der inne, i ei tid då det berre var to tohjulstraktorar i bygda. No har bøndene store firhjulstraktorar som skal ut på kaien. Big bag på 800 kilo, kanskje meir, skal på land. Svikta ikkje bygda – ver dykkar ansvar bevisst.

I desse dagar blir det frå Storting og regjering dagleg understreka kor viktig beredskap og tryggleik er for folk i heile landet. Mobildekninga er det Egil Kambo som har sørgt for. Eg vil òg minna om alle kraftpengane som har rulla – og framleis vil renna – inn i kommunekassa.

Utflytta Eikemokvinne
Liv Eikemo Opdal

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helst ved eit bilde av deg sjølv.

Powered by Labrador CMS