Sigurd Gjerdevik er kommunalsjef for helse og omsorg i Vindafjnord kommune.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Debatt
Tilsvar til Omdal
Tidlegare kommuneoverlege Knut A. Omdal har i eit innlegg i Grannar gjort seg nokre tankar om korleis Vindafjord kommune planlegg å møte utfordringane i eit samfunn som får ei sterkt endra befolkningsutvikling – med fleire eldre og færre yngre, og like viktig i denne samanheng ei utflating av den yrkesaktive delen av befolkninga.Innlegget til Omdal har diverre ein del føresetnader og premiss som ikkje er riktige, og då blir også konklusjonane feil. Me vil i dette innlegget prøve å tydeleggjere noko av kva for strategiar som er aktuelle i åra framover.
Agenda Kaupang vart hyra inn for å gjere ei analyse av korleis Vindafjord kommune løyser sine oppgåver innanfor pleie og omsorg i dag, og for å gi innspel til kommunens planarbeid for korleis ein skal løyse utfordringane i framtida. Dei har gjennom ulike scenarier synleggjort korleis kostnadsveksten kan utvikle seg avhengig av kva val ein gjer i åra framover. Desse scenariene er ikkje ei menyliste kommunen skal velje mellom, men dei er lagde for å synleggjere konsekvensar av ulike strategiar.
Om ein vel same profil på omsorgstenestene som i dag, vil kostnadsveksten bli sterkast. Klarer ein derimot å få til ei samfunnsutvikling der ein utvidar omsorgstrappa med meir tilrettelagde bustader og omsorgsbustader, vil kostnadsveksten bli noko lågare. Det ein må merke seg, er at i alle scenario vil det bli ei kostnadsauke. Dei auka behova som ein ser framover, vil i alle scenario gi auka kostnader for kommunane, men ein kan gjere val for å redusere kostnadsveksten noko. Dette er ikkje innsparingar for kommunen, men mogleg redusert kostnadsvekst.