Vik skule har eit kostnadsanslag på 5,1 millionar i vedlikehald innan ti år.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Store kontra mindre barnehagar og skular
I Politisk kvarter den på NRK P2 15. april 2021, altså for eitt år sidan, trekte Jonas G. Støre fram kor viktig tilgangen til barnehage og skule er for å oppretthalda busetjinga i distrikts-Noreg. Dette er berre ein av mange grunnar til at barnehagen og skulen er viktig i distrikta. Barnehagen og skulen er sjølve hjarta i bygda. Den gjev bygda liv. Kommunen skriv i sin eigen kommuneplan at barnehagane og skulane er viktige knutepunkt for bygdene. Her i Vikebygd er barnehagen og skulen sentralt plassert. Dei fleste elevane kan t.d. gå til og frå skulen. Me veit kor viktig det er for helsa, både psykisk og fysisk. I Vikebygd arbeider det mange gode og trygge vaksne, og elevane har lærarar med kompetanse i alle faga dei underviser i.
Det finst ikkje noko forsking i Noreg som seier at ein skulestørrelse er fagleg betre enn ein annan. Uansett vil alle skulane i Vindafjord karakteriserast som små i målestokken av at ein stor skule har meir enn 500 elevar. Professor Karl Jan Solstad har skrive ei større avhandling, Bygdeskulen under press – før og no, der han m.a. seier at me kan sjå vekk frå skulestorleik som faktor med tanke på kor gode resultat skulane leverer. Han hevdar derimot at det er reknestykket over økonomisk effektivitet i kommunane som rår. Professor Rune Kvalsund ved Høgskulen i Volda hevdar også at store skular neppe har betre kvalitet enn dei små. Snarare tvert imot. Han ser få eller ingen fordelar med å slå saman skular. Han legg òg vekt på at dei mindre skulane har langt betre høve til å kopla kunnskapslæringa til lokalsamfunnet og dermed skape ein sterkare lokal identitet gjennom utvikling av lokalt lærestoff, ein kvalitet som omhandlar både kulturaktivitetar, næringslivet og det sosiale miljøet, og som er med i danningsgrunnlaget for den enkelte eleven.
Me ynskjer også å poengtera at det ligg heller ingen faglege argument til grunn for dette i planframlegget til kommunedirektøren, og me ynskjer å understreka at han sjølv skriv under resultat og kvalitet i Vindafjordskulen at …det er i dag ikkje noko dokumentasjon på at storleiken på skulen er ein avgjerande faktor for kvalitet». For deretter å visa til førsteamanuensis Helge Christian Pedersen som vidare bekreftar at …elevtala på Vindafjordskulane er så små at ein basert på storleik ikkje kan slå fast at det er noko trend i kvaliteten den eine eller andre vegen». Ein kan dermed ikkje hevda at skulekvaliteten utan vidare vert betre med større einingar. Såleis kan ein ikkje grunngje å slå saman skular ut får eit fagleg perspektiv.