Harald Halvorsen Løland, fylkespolitikar frå Rogaland Senterparti, og Hanne Marte Vatnaland, gruppeleiar Rogaland Senterparti.
Foto: Rogaland Senterparti
Debatt
Somme folkevalgte er vakne, men ikkje dei med makta!
Eit godt utbygd kollektivtilbod er avgjerande for at folk skal kunne bu og jobbe i distrikta utan å vere avhengige av bil. Dette styrkjer både busetjinga og dei generelle tenestene i mindre sentrale område. No vert Ølensambandet nedlagt som følgje av eit budsjettkutt på 1,6 millionar kroner i Rogaland, vedteke av Høgre, Frp, KrF og Venstre i fylkespolitikken. Senterpartiet og MDG ville reversere dette i sitt alternative budsjett, men fekk ikkje fleirtal. På grunn av kuttet til ruta frå Rogaland, vedtok (ikkje overraskande) Vestland fylke som driftar ruta at tilbodet i Ølen og Utbjoa opphøyrer frå sommaren av.
Ølensambandet har vore eit godt kollektivtilbod for mange – spesielt for dei som ikkje har bil eller moglegheit til å køyre sjølve. Det er ei viktig forbindelse mellom Haugalandet, Ryfylke og Bergen, mellom anna for pasientar som skal til Haukeland sjukehus, studentar, Nordsjøarbeidarar og reisande i Sunnhordlandsområdet. Viss vi ønskjer å oppretthalde kollektivtrafikken, må tilbodet vere konkurransedyktig med bil – ikkje stadig svekkjast.
Dette kuttet er dessverre eit av fleire døme på korleis fleirtalet i fylket systematisk forverrar kollektivtilbodet i distrikta. Når kollektivmoglegheitene forsvinn, blir folk tvungne over i bil, noko som fører til auka trafikk, lengre reisetid og i verste fall fråflytting. Gode transportløysingar gir tilgang til utdanning, helsetenester og arbeidsmarknaden, samstundes som det styrkjer næringslivet og gjer distrikta meir attraktive for både innbyggjarar og verksemder.