Saloon-eigar Aslaug Olden Mala.
Arkivfoto: Torstein Tysvær Nymoen
Old River Saloon vil sleppa nye krefter til
Lesarinnlegg: Etter meir enn 22 års drift er dørene til Old River Saloon stengt. Dette var ikkje måten eg hadde sett for meg å takka av på, men så er det slik at det er ikkje alt ein rår over her i livet. Etter eit fall onsdag før julaftan var eg om lag seks veker på sjukehus, og i ein periode var situasjonen i kritisk. Nå har eg hatt forsiktig rehabilitering med det flinke personalet på Etne omsorgssenter, og heldigvis er det god betring. Framfor meg ligg ein lengre periode med rekonvalesens og opptrening, og det skal gå bra til slutt.
Slik situasjonen er nå, lyt eg avvikla drifta. Eg har eit sterkt ønske om at saloonen framleis skal vera eit tilbod for folk i Etne og heile distriktet. Derfor har me starta prosessen med å leggja saloonbygningen med parkeringsareal ut for sal på marknaden. Dermed kan nye drivarar få eiga sjølve i staden for å leiga. Eg er sikker på at saloonen vil finna nye, dyktige drivarar som kan ta med seg nye idear og skapa endå meir aktivitet i saloonen!
Old River Saloon opna dørene for første gong på tampen av sist århundre, like før jul i 1999. Når du går i saloonen, ser du rester etter gammal moro nesten over alt. Då saloonen opna, var golvet nymalt i ein raudleg farge med industrimaling som skulle tåla det utrulegaste. I dag er malinga slitt og finslipt etter hundretusener av skritt og dansetrinn. På veggene står signaturane til artistar frå fjern og nær, og bord og benker har fått eit hakk her og eit kakk der. Minner er bokstavleg talt rissa og slipt inn i golv, vegger og møblar.