Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Brukt òg 1. februar i samband med at Jansen er ny i styret til Vindafjord Sp.
Styreleiar Daniel Jansen i Vindafjord Sp. ARKIVFOTO

Debatt

— Me mistar ein direkte kanal til makta

Sist veke kom det ei ny meiningsmåling som viser at Senterpartiet har 5,6 % oppslutning i Rogaland. Det kan føra til at Senterpartiet går frå to til éin stortingsrepresentant frå Rogaland – og at bygdene våre kan bli heilt utan representantar på tinget. Ja, det er ei alvorleg vekking for oss i Vindafjord. For dersom dette vert resultatet i stortingsvalet i år, kan me gå frå tre stortingsrepresentantar frå Vindafjord til null.

Senterpartiet har i mange år vore ein garantist for at røysta til folk i distrikta vert høyrd i Oslo. Me har stått opp for landbruket, beredskapen, eldreomsorga og retten til å bu og leva i heile landet. Når byråkratiet i Oslo vil sentralisera, er det Senterpartiet som står i vegen. Og me gjer det ikkje for moro skuld – me gjer det fordi me kjem frå bygdene, kjenner folket og veit kva som trengst.

Om ikkje folk i Vindafjord og nabokommunane kjenner si besøkstid no, kan me i verste fall stå heilt utan ein eigen representant på tinget etter valet. Me mistar ein direkte kanal inn til makta – ein som kjenner vegen frå Ølen til Oslo, og som står opp for oss – ikkje berre snakkar om det.

Me må stemma på Lisa Marie Ness Klungland frå Ølen.

Derfor kjem denne klåre oppmodinga:
Stem Senterpartiet!
Ikkje for partiet sin del, men for distrikta sin del. For Vindafjord. For Rogaland og Vestlandet. For at me framleis skal ha noko me skulle ha sagt i landet vårt.

Styreleiar Daniel Jansen for Vindafjord Senterparti

Powered by Labrador CMS