Guri Ravatn (SV) FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Guri Ravatn (SV)

Debatt

Folkevalde, svar og Sauda – Gismarvik

Som folkevald, innbyggar og oppteken av naturen, kontakta eg 2. påskedag nokre av dei folkevalde over meg, nemleg Lars Haltbrekken (SV), Sofie Marhaug (Rødt), Terje Halleland, (Vindafjord og Frp) og Lisa Marie Ness Klungland (Vindafjord og Sp). Alle desse er medlemmer i Stortinget sin Energi- og miljøkomite. Og så tok eg med Rogaland SV sin representant Ingrid Fiskaa, til slutt.

Bøna mi til desse var: Kan de vera så gilde å gjera det som står i dokkar makt for å få utgreidd sjøkabel som alternativ til luftspenn i den planlagde kraftlinja mellom Sauda og Gismarvik? Linja skal gå gjennom Sauda, Etne, Vindafjord og Tysvær. Der går det jo tilfeldigvis» ein brukande fjord heile vegen. Og, ikkje minst gledeleg, orienterte eg dei om: Etne kommunestyre og Vindafjord formannskap har i vedtak samrøystes bedt om å få utgreidd sjøkabel. Kan hende fleire nå ser at vår natur er rikeleg ramma av kraftliner?

Eg fekk eit svar på e-posten min. Frå Lars Haltbrekken, med kopi til Ingrid Fiskaa. Dei andre tre har eg ikkje høyrt noko frå. Det er eg skuffa over. Særskild skuffande er det at våre folkevalde frå Vindafjord ikkje har gitt respons. Folkevalde bør svara, eg kunne skrive SKAL svara. Men, nokre glippar kan me alle gjer. Eg er sjølv folkevald.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS