Skånevik Helselag set søkjelyset på behovet for lokal transportør i bygda. Før dei tapte eit anbod stod Marit Taraldsøy og Taraldsøy Taxi Transport for dette.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Er det slik me skal ha det?
Ein brukar av Pasientreiser fortel desse opplevingane:
Eg strevar meg opp allereie sliten før eg har fått på meg klede og fått i meg mat, og set meg for å venta på drosjen som skal køyra meg til legetime. Kven kjem i dag mon tru? Kjem dei tidsnok så eg rekk timen? Sist kom det ei melding rett før om at dei ikkje hadde funne fram i tide, så alt mitt strev og gru var forgjeves den dagen. Eg hadde ikkje fått krav om gebyr for manglande oppmøte til timen, det er vel fastlegen som taper inntekt når slikt skjer. Gongen før kom eg for seint, dette var det mange andre som hadde opplevd, då blir det ofte lang ventetid. Og bilane? Dei kjem frå Suldal for å få meg til legekontoret i bygda mi 2 timar unna! Ein gong kom bilen frå Haugesund, men den hadde ny avtale i Vats så den for avgarde og eg måtte vente på ny bil for å koma heim att. Denne bilen kom frå Suldal.»
Kan dette vera god samfunnsplanlegging og bruk av helsekroner? Skånevik Helselag har fått fleire historier fortalt av frustrerte pårørande og pasientar som opplever at ordninga Pasientreiser tilbyr ikkje er god nok. Eldre kjenner seg utrygge og friske raske menneske forstår ikkje påkjenninga det er å forhalde seg til eit slikt system. På toppen har ein ved å klage blitt møtt med spørsmål som: Er det langt å gå, eller om ein ikkje har pårørande eller naboar som kan stille opp?»