Debatt
BKK og beredskap i møte med Amy»
Det er berre nokre månader sidan direktør Kristin Aadland var ute og forsikra vestlendingane i lokalavisene våre, om at BKK tek beredskap på største alvor». Dette etter at underteikna hadde kome med påstand om at BKK sin beredskap i regionen vår, er meir dimensjonert for godvêr enn ruskever. Ho peikte på ei oppetid på 99,9 %, som dei ville halde fram med. Det gjeld tydelegvis ikkje alle kundane. Etter at me fekk eit besøk av ein ubeden, men ikkje heilt uventa gjest med namnet Amy», så har ein del kundar i Kvinnherad og Tysnes diverre rast nedover på den statistikken. På Varaldsøy nærma dei seg raskt 99 % , når ein veit at 1% utgjer tre og ein halv dag. Då vert ein halv % og meir enn ein ynskjer å oppleve. Når me ser attende på den første helga i oktober, ville det enkle då vere å kome med eit : kva var det eg sa».
Men for å vere litt meir konstruktiv, så bør ein sjå på kva som gjekk bra og kva som ikkje gjekk bra, og kva ein då kan gjere betre til neste storm, som ein veit vil koma. BKK har gode system for å vise kundane kvar straumen er borte gjennom strømbruddskartet» på sine heimesider. Dette er viktig i våre dagar der alle har smarttelefon og kan fylgje med, og ikkje minst la vere å ringje inn for å melde om at dei ikkje har straum, om det allereie er registrert av BKK. Slik at viktig informasjon om feilobservasjonar kan kome gjennom. Varsel går og automatisk ut på mobiltelefon for dei som har knytt denne opp mot straummålaren. Så god var denne varslinga et underteikna vart varsla om straumbrotet fleire timar før straumen vart borte. Verre var det med informasjon om kva tid straumen var venta attende, den var stort sett fråverande. På nettsida såg ein at BKK satsa på å få mest alle feila retta til kl.12 på laurdag 04.10. Det var vel mest å sjå som ynskjetenking. Det var og svært vanskeleg å kome gjennom med informasjon om feil. Det var eksempel på at kundar stod i kø i nærare ein time for å varsle om trefall og leidningar som låg av slitne på bakken. Det var tydeleg at kapasiteten i systemet var pressa, og det var vanskar med å handtere all informasjonen det første døgnet. Tida og timane gjekk.
Dei som var på jobb, og dei som vart kalla inn og sendt ut på feilretting, gjorde ein formidabel jobb ut frå føresetnadane. Diverre var dei ikkje mange nok. Mange som tidlegare var med i beredskapsarbeidet (før 2023) gjekk rundt med nevane i lomma og kunne ikkje bidra. All kopling og feilretting vert no styrt frå ein sentral, som raskt vart overbelasta, dei spelar igjen på ein avgrensa vaktstyrke, då vert det ventetid.
Sjølv var eg på Ænes under stormen, og kundane der opplevde den lengste samanhengande straumstansen på 50 år. På Varaldsøy, Hatlestrand, og enkelte stader på Tysnes var straumen borte nærare tre døgn. Er dette noko kundane i vårt distrikt no må rekne med, og kor ofte ? Spørsmålet er då om Amy var ein storm med returtid, 5 ,10, eller 50 år? Det er i alle fall ikkje tvil om at Nina i 2015 var eit betydeleg meir skadeleg ekstremvær på Tysnes. Ein kan då anta at dette vert å rekna som ei 5-10 års hending. Vindretninga som Amy hadde, frå søraust, er og den retninga som vanlegvis kjem med dei kraftigaste vindkasta, i Kvinnherad og Etne. Hadde retninga vore frå vest med same styrke ville skadane vore mykje større over heile området. Sjansen for ein liknande storm er då frå 10-20% årleg. Altså ikkje uvanleg. Men lengda på straumbrota var likevel uvanleg lange i vårt område. Min påstand er at mange av dei feila me såg etter stormen i Kvinnherad, Tysnes og Etne, kunne vore utbetra på under halve tida, om beredskapen hadde vore rigga slik den var i BKK region sør-øst, før 2023.
Utsegna frå BKK direktøren i avisa frå i sommar : Til dømes har vi no ei ny organisering av nettsentralen vår som gjer at vi kan ha 24/7 beredskap og døgnbemanna sentral til ei kvar tid. Det har vi ikkje hatt før. Det er ei styrke for heile regionen, og gjer at vi kan respondere langt raskare ved hendingar, enn tidlegare.» Den står då ikkje til truande etter besøket frå Amy i byrjinga av oktober.
Beredskap og feilretting er ein sentral del av oppgåva til eit nettselskap. For å vere best mogeleg rusta i feilsituasjonar, må størst mogeleg del av dei som til dagleg har ansvaret for bygging og drift av distribusjonsnettet, vere involvert i beredskapsarbeidet, og kunne mobiliserast i større feilsituasjonar. Slik det historisk har vore tradisjon for i dei mange e-verka rundt om i landet vårt. Her bør BKK kunne lære av den nære historia, som dei og har vore ein del av.
Lars Enes