Slik taklar du overgangen frå ferie til jobb
Overgangen frå ferie til jobb kan vere utfordrande for mange, men litt stress er heilt normalt og kan faktisk vere positivt.
Det skriv NRK.
– Stress handlar ofte om forventningar og krav, enten frå deg sjølv eller andre. Du kan vere motivert og glad i jobben din, men tankane på alt som skal skje gjer at kroppen blir aktivert, seier psykiater og stressforskar Bjarte Stubhaug til allmennkringkastaren.
Han understrekar at folk er ulike. Medan nokre gruar seg, gler mange seg faktisk til å kome i gang igjen og få tilbake rutinane. Stubhaug meiner det viktigaste er å oppnå fysiologisk balanse» før ein startar på jobb igjen.
– Sørg for at du får nok søvn og at døgnrytmen er normal. Mange drikk meir alkohol i ferien. Då kan det vere smart å trappe ned i dagane før du begynner på jobb, råder forskaren.
– Det er ikkje farleg. Du skal vere litt på», for du vil jo helst ikkje møte opp på jobb heilt nede på null. Det handlar om å gjenkjenne stresset og akseptere det. Det i seg sjølv gjer at du får ei betre kjensle av kontroll, seier Stubhaug.
(NPK)