Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Martin Hjelmervik Ness (t.v.) og Harald Grønnevik jobbar for å få på plass informasjonsskilt om Strondavegen si historie. Desse vil dei plassera ved Tendal bru, men fylket seier nei.Foto: Grethe Hopland Ravn
Martin Hjelmervik Ness (t.v.) og Harald Grønnevik jobbar for å få på plass informasjonsskilt om Strondavegen si historie. Desse vil dei plassera ved Tendal bru, men fylket seier nei.

Viktig å ta vare på historia

Publisert Sist oppdatert

Då det gjekk opp for Martin Hjelmervik Ness at mange ikkje kjenner til bygdehistoria som er knytt til Strondavegen mellom Skånevik og Etne, blei det viktig for han at dette ikkje må gå i gløymeboka. Ved Tendal bru er fjellformasjonen ypparleg til plassering av fleire informasjonsskilt, i tillegg er det plass til både parkering av 2-3 bilar, og nokre få benker på rasteplassen. Men allereie i starten på planlegginga, stoppar det heile opp. Det viser seg å vera lettare sagt enn gjort å få løyve frå vegmyndigheitene.

— Det heile starta med at Tendal bru blei forsterka for nokre år sidan, og då arbeidet var ferdig såg eg at den store steinen der det stod Tendal bru», var slengt ut på kanten og var i ferd med å rasa ned i elva. Eg tok dette opp med vegmyndigheitene, og sa at denne steinen måtte dei ta vare på. Etter ei tid var den fint plassert ved brua igjen, fortel Hjelmervik Ness, som har røter til Hjelmervik og har vore i Skånevik 82 av 83 somrar i sitt liv.

Fartsgrensa må ned

Powered by Labrador CMS