Kenneth Karlsen er Etne Frp sin ordførarkandidat.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Tar permisjon frå alle politiske verv
Varaordførar og Frp-topp i Etne Kenneth Lyng Karlsen, melde måndag frå til ordføraren at han søkjer permisjon frå alle politiske verv fram til nyttår. Det er personlege grunnar som ligg bak søknaden til 34-åringen.
Måndag kom meldinga om at Kenneth Lyng Karlsen har bedt om permisjon frå alle sine politiske verv, samt vervet som lokallagsleiar i Framstegspartiet i Etne. Det er personlege grunnar som ligg bak, og Karlsen som også er varaordførar håpar på å vera tilbake i rollene på nyåret. Han kan likevel ikkje utelukka ei forlenging av permisjonen.
— Me har det litt tøft akkurat no, derfor er eg nøydd for å prioritera andre ting enn politikk i nærmaste framtid, og i politikken skjer det mykje på slutten av året. Mellom anna budsjettmøte og framlegging av budsjett i desember. Eg ønskjer derfor å vera tydeleg på at eg ikkje høve til å vera med på politisk aktivitet ut året, seier han.
I dag, tysdag, er det duka for første formannskapsmøte etter sommaren, og Karlsen opplyser at han frå i dag av blir fråverande i møteromma.