Det blir truleg ein varm juni. Her frå badeliv på Romsa i 2020.
Foto: Privat
Juli blir varmare enn normalt i Sør-Noreg
Juli blir sannsynlegvis mellom 1 og 3 grader varmare enn normalt i Sør-Noreg og delar av Europa.
Analysar frå klimavarsling.no og det europeiske senteret for mellomlange vêrmeldingar (ECMWF) viser at juli vil mest sannsynleg bli varmare enn vanleg, både i Sør-Noreg og i store delar av Europa, skriv Aftenposten.
Ei viktig årsak til dei høgare temperaturane er hetebølgja i Atlanterhavet. Dei siste vekene har temperaturane i den nordlege Atlanteren skote i vêret, og ligg no 1,1 grader over snittet.
– Vi ser at det er veldig varmt i Atlanterhavet, og det vil mest sannsynleg påverke vêret vårt i sommar, særleg i Vest- og Sør-Noreg. I nord er havet kaldare, derfor får vi også mest sannsynleg ein kaldare sommar enn normalt der, seier Erik Kolstad, Forskar ved NORCE Klima og Bjerknessenteret, til avisa.