Illustrasjonsfoto: Marius Helge Larsen / NTB / NPK
Forskar foreslår fleire nye utanlandskablar
Sintef-forskar Atle Harby meiner både Noreg og Europa kan tene på å byggje ut kraftkabelnettverket stort. Han foreslår ni nye utanlandskablar.
Teknisk Ukeblad skriv at Sintef-forskarar har rekna på konsekvensen av å installere nye kablar med kapasitet på 12,6 GW mellom Noreg og fleire europeiske land, og dessutan doble kapasiteten til Sverige. Det svarer til ni utanlandskablar.
Forskarane har då lagt inn meir effekt i norske kraftverk. Dei meiner alle kjem til å tene på eit betre kabelnettverk. Prisane i Noreg kjem framleis til å vere lågare enn i Europa trass kabelutbygging, meiner Harby.
Samtidig kan rein norsk kraft dekkje behov i Europa, medan norske magasin kan bidra til lagring av overskotskraft når det er mykje vind og sol i Europa.
Harby seier forskarane har lagt inn i anslaga sine at norsk kraftproduksjon blir bygd ut i tråd med planar og mål.
– Noko som gir ein overskotssituasjon, det er vi som har straum, og det er vi som har magasina, seier Harby.
Han viser til at Noreg har ein stor og uutnytta ressurs i havvind, men at det er behov for infrastruktur for å transportere krafta og utveksle kraft mellom regionar.
– Eg håpar at også norske politikarane etter kvart vil sjå at eit framtidig utsleppsfritt europeisk kraftsystem med eit nordsjønett med mange nye kablar også er i Noregs interesse, seier han.
(NPK)