Dei siste sju dagane er det registrert til saman 4.264 nye smittetilfelle i Noreg.Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Dei siste sju dagane er det registrert til saman 4.264 nye smittetilfelle i Noreg.

Berre 30.066 personar har fått dose to

NPK-NTB: 135.449 personar er vaksinerte med første dose av koronavaksinen i Noreg, viser FHIs statistikk torsdag. 30.066 personar har fått dose to.

Førebels har FHI registrert at 22.041 personar fekk dose éin onsdag, og 6.858 personar fekk dose to.

Flest har fått første dose i Viken (28.111) og Oslo (18.954). Færrast av dose ein er sett i Troms og Finnmark (5.820) og Møre og Romsdal (6.261). Flest personar har vorte gitte dose to i fylka Viken (6.457) og Vestland (3.683).

Den første koronavaksinen i Noreg vart sett den 27. desember og var produsert av Pfizer og Biontech. 15. januar vart den første dosen av Moderna-vaksinen sett.

Det kan vere forseinkingar i registrering av vaksinasjon som fører til at tala endrar seg over tid.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS