Anders Haugland
ARKIV/Grethe Hopland Ravn
debatt
Skremsel om vindkraft
Av avisinnlegga i Grannar ser eg at somme av sambygdingane
mine er blitt skræmde av utsiktene til vindkraft i Vindafjord. Og sett frå eit
historisk perspektiv er det vel ikkje så rart: Me har ingen tradisjonar for
vindkraft - i motsetnad til våre «naboar» på Kontinentet. Der har dei levd med
vindmøller i hundrevis av år, og der byggjer dei nye og større vindmøller i
stort tempo – i omstillinga til fornybar energi.
Her i Vindafjord sit me på baken og er imot det meste
. . . Nei, sjølvsagt gjer me ikkje det! Me ser framover og erkjenner at
framtida krev meir energi, rein energi! Då toler me å sjå nokre vindmøller!
I Fitjar var motstanden mot vindkraftplanar større
enn her – med påstandar om industrialisering og rasering av naturen. I dag er
vindturbinane på plass – og motstanden borte. For folk flest kjem seg nå til
fjells, til og med trillande på barnevogner. Og Fitjar kan gje betre tilbod til
sine innbyggjarar enn mange andre kommunar.