Thomas Kirketeig prøvde og prøvde mot Bremnes 2, men det enda med tap denne gongen.
FOTO: MAGNE SKÅLNES
Toppar tabellen trass i heimetap
På ein av årets varmaste dagar var det tungt å spele fotballkamp, sjølv med innlagte vatningspausar halvvegs i begge omgangane. Om det var varmen som gjorde utslaget skal vera usagt, men det var eit faktum at Ølen starta kampen med lite energi. Som kjent var det like varmt for begge lag, men det var eit litt meir inspirert bortelag frå start av. Begge lag prøvde å etablera angrep, men lite skjedde føre dei to måla. Men etter omlag 20 minutt byrja det å skje ting, men i feil ende dersom ein ser med Ølen-auger. Først havna ei avslutning frå Bremnes 2 i stolpen. Minuttet etter sat det første målet for bortelaget. Eit fint angrep enda med at Andreas Hauge sette inn 0-1.
Mange kort
Det siste kvarteret av den første omgangen vart prega av mange frispark, og lite spel. Ein kunne fornemme at Bremnes 2 sine spelarar byrja å bli noko slitne, og dei måtte ty til fellingar for å stagge heimelaget. Fleire gule kort vart delt ut i denne perioden, og det låg ei utvisning i lufta ei stund, men omgangen vart ferdigspela med alle dei 22 spelarane på bana.