Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Søstrene Thea Karoline(t. v.) og Gjertrud Blikra veit begge kor målet står, og trivst i Skjoldar/Vats/Vik/Vind-trøya. FOTO: MAGNE SKÅLNESSøstrene Thea Karoline (f.v.) og Gjertrud Blikra trivst i Skjoldar/Vats/Vik/Vind-trøya. Fredag stal Thea Karoline showet med fire scoringar FOTO: MAGNE SKÅLNES
Søstrene Thea Karoline (f.v.) og Gjertrud Blikra trivst i Skjoldar/Vats/Vik/Vind-trøya. Måndag teikna dei seg begge på scoringslista.

Tilbake på vinnarsporet i toppkamp

Publisert Sist oppdatert

Allereie i kampens første minutt opna Ingvild Ove Skare scoringsballet for Grannar-distriktet sitt beste kvinnelag. To scoringar frå Thea Karoline Blikra (21- og 30 minutt) sørga for at heimelaget hadde full kontroll innan ei halvtime spelt.

Ei straffescoring frå Thea Karoline si søster Gjertrud Blikra (32 minutt) og eit mål frå Oda Wangberg (39 minutt) sørga for at Skjoldar/Vats/Vik/Vind gjekk til pause med ei komfortabel 5-0-leing. Gjestane fekk eit trøystemål av Oda Heringstad etter 83 minutt, men dei kom aldri nær å true samarbeidsklubben.

Med sigeren klatrar Skjoldar/Vats/Vik/Vind over Åkra på tabellen på betre målforskjell i 4. divisjon avdeling 2. Enda betre målforskjell har serieleiar Torvastad 7ar som slo Ølen på bortebane på måndag. Tettrioen står med 21 poeng på åtte kampar. For Ølen, som ligg på sjetteplass med sju poeng på sju kampar, blir det ei ny tøff oppgåve i neste kamp, når dei møter eit revansjesugent Åkra borte kommande onsdag. Same kveld tek Skjoldar/Vats/Vik/Vind imot Kopervik 2 i Skjold.

Powered by Labrador CMS