Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Kaptein Kristian Langeland måtte sjå at laget hans gjekk på tap i serieopninga. FOTO: MAGNE SKÅLNES
Kristian Langeland skåra to mål tysdag. Her frå serieopninga i vår.

Tapte for eit bedre lag

Publisert Sist oppdatert

Vats/Skjoldar/Vik/Vind eller Fjordar som dei nå vil kalle seg, fekk plass i 6. divisjon i år på grunn av litt omrokkeringar i seriesystemet. Dei spelte i 7. divisjon i fjor, og i denne første kampen fekk dei kjenne på eit noko høgare nivå. Rett nok er Vedavåg Karmøy truleg eit av dei beste laga i divisjonen, men skilnaden på laga var markant frå start av. Bortelaget hadde ein tydeleg plan for spelet sitt, medan heimelaget sleit med å få til noko spel, og det blei mykje springing i mellom for gultrøyene. Det gjekk likevel ein halvtime før bortelaget fann nettmaskene, og det stod berre 0-1 ved pause.

Målrik omgang

Bortelaget sette inn støyten etter pause, og då timen blei passert, stod det 0-3 på tavla. Ti minutt seinare kom endå ei skåring, og det kunne sjå ut til at heimelaget var på veg til å gje opp. Kvarteret før full tid kom 0-5, og det byrja å sjå stygt ut. Men Fjordar bytta inn fleire spelarar utover omgangen, blant andre Casper Haraldseid og Johannes Urdal. Dette gjorde sitt til at heimelaget vakna noko mot slutten av kampen. Først reduserte unge Casper Haraldseid etter å ha vunne ballen høgt i bana. Og to minutt før full tid sette Johannes Urdal inn ei flott skåring direkte på frispark. Sluttresultatet 2-5 ser litt betre ut enn 0-5, og Fjordar fekk ei positiv avslutning på kampen som dei kan ta med seg videre i serien.

Powered by Labrador CMS