Her passerer proffsyklistane bakkane opp frå Nedre Vats til Tørsdal i retning Skjold. Fleire hundre hadde stilt seg opp langs den mest spektakulære delen av løypa på Haugalandet, og enkelte hadde venta i over éin time før feltet endeleg dukka opp.
Dei to kilometer lange bakkane opp Tørsdalsvegen er eit av Tour des Fjord sine brattaste parti med opptil 23 prosent stigning, i tillegg til at det er smalt og svingete. Difor var det mogeleg å sjå syklistane ei god stund og på svært nært hald hald.
Det var tungt regnvêr over store deler av dagens ritt, men då det store feltet passerte Vats letta det opp.