Kristine Hustveit Nybru.
Arkivfoto: FKH
Sport
Storsiger med landslaget
Kristine Hustveit Nybru (18) frå Vikedal spelte heile kampen då Noreg sitt J19-landslag knuste Ukraina 5-0 i Tsjekkia tysdag.
Ida Mortensen Natvik skåra tre mål, mens Kamilla Melgård og Emma Lindiwe Reshane gjorde dei andre måla til Noreg. Mortensen Natvik spelar på lag med Kristine Hustveit Nybru også i FK Haugesund. Vikedalsbuen er nå oppe i åtte aldersbestemte landskampar, fem av dei på J19-nivå.
Tysdagens kamp var den siste av tre i den andre og avgjerande kvalifiseringsrunden til EM, som blir arrangert i Litauen frå 14. til 27. juli. I den første kampen vann Noreg 4-0 over Tsjekkia. Eit 1-0-tap mot Frankrike i andre kamp gjorde at Noreg var avhengige av at Tsjekkia skulle slå Frankrike i siste kamp for å ha sjansen til å stikke av med gruppesigeren og EM-plass.