Storkoste seg med turn
Denne helga er nær 400 gymnastar samla i Etne til Gymfest i vest barn (11-13 år) med alt frå troppekonkurranse til yoga og kiosk. Ellie Ludvigsen (11) og venninnene på eit av Etne IL sine fem troppar (Etne rosa) nøyt dagen.
— Det var veldig kjekt å turne i dag. Eg fekk lyst til å bli med på fleire slike stemner, fortel Ludvigsen.
Ho har gått på turn i eit halvt år, og som alle andre deltakarane var det første gong ho fekk vere med på gymfesten.
Stor dugnadsvilje
Arrangementet som tiltrekk seg mange lag frå rundt om på Vestlandet starta fredag kveld med ei offisiell opning følgd av Gym for life-konkurranse og frittståande konkurranse i Skakkehallen. Det går over tre dagar, med avslutning på kunstgrasbanen i Etne søndag ettermiddag.
— Mellom 50 og 60 personar er med som frivillige gjennom helga, fortel Stemneleiar Monica Grindheim.
Blant desse er Randi Moe, som var med å sørga for at besøkande, så vel som Etne IL sine gymnastar og lagleiarar, fekk god mat gjennom helga. Ho har bidratt som frivillig for turngruppa i Etne IL i årevis, og tipper ho har vore med på ti-tolv turnstemne i forskjellege funksjonar.
— Det er verkeleg koseleg å stå her. Ungane kjem til og med bort og takkar for maten etter dei er ferdige, seier Moe.
Dei er så flinke!
Laga show
Laurdag formiddag var det duka for troppekonkurranse, der 60 troppar konkurrerte i tumbling og trampet i Skakkehallen. Arrangørklubben stilte med fem troppar som konkurrerte i begge greinene. Dei imponerte trenar Anita Grindheim.
— Dei er så flinke! Dagen har vore heilt topp, synest trenaren.
Grindheim og trenarkollega Renate S. Ramsvik justerte bommar og trampolinar, og passa på at alle Etne-gymnastane landa trygt. Det var god stemning gjennom konkurransen, og alle hopp og triks blei møtt med jubel frå ein full tribune og konkurrerande utøvarar som venta på sin tur.
Jentene var i klart fleirtal, men det var også nokre gutar som var med å showa for publikum. Blant desse var Stefan Valters (12) frå Åsane turn.
— Det var veldig kjekt å turne her, men også litt stressande, fortel Valters.
Bergensaren fekk vist fram spensten på trampoline. Sjå video frå troppekonkurransen her:
Fleire aktivitetar
Sjølv om turn naturleg nok er ein stor del av gymfesten er det også mykje anna å gjere for dei nesten 400 barna. Blant anna var det mogleg å delta på yoga, workshop i karate og fleire Lær på staden-program, samt diskotek laurdag kveld. Mat kunne ein få både i storsalen og eller i kiosken.
— Det sosiale er ein like stor del av stemnet som turnen, seier stemneleiar Grindheim.
Søndag ettermiddag defilerer gymnastane frå Coop Extra i sentrum til Skakkehallen, der det blir oppvisning for alle som vil sjå.
Søndag